Navn
Klaus Mohn
Stilling
Rektor, UiS
Arbeidssted
Universitetet i Stavanger
Foreleserinformasjon
Klaus Mohn er professor i økonomi og kom til rektorstillinga ved Universitetet i Stavanger frå Handelshøgskolen ved UiS (HHUiS).

Klaus Mohn har høgare avdelings studium (HAS) i samfunnsøkonomi frå Norges handelshøgskole (NHH, 1991) og ein doktorgrad i industriell økonomi frå Universitetet i Stavanger (UiS, 2008). Då han vart tilsett som professor ved HHUiS i 2013, kom han frå stillinga som sjeføkonom i Statoil (no Equinor). I Statoil har han også hatt stillingar innanfor finans, strategi og kommunikasjon. Bakgrunnen til Klaus Mohn inkluderer også forsking i Statistisk sentralbyrå (SSB) og makroøkonomisk analyse i DNB Markets.

Klaus Mohn sine forskingsområde og -interesser ligg hovudsakeleg i samspelet mellom økonomi, energi og forvalting av naturressursar. Spesielt er han oppteken av spenninga mellom energi, petroleum og klimaendringar, inkludert økonomiske svingingar og politiske implikasjonar i ressursrike økonomiar som Noreg.

Foto: Tommy Ellingsen
Klaus Mohn